letra de vatn og ved - saft (nor)
[vers 1]
på garden under steinen
for meir enn hundre år
sju koner hadde gubben der
men alle datt i elva
[refreng]
ja alle datt i elva
og sette livet til
dei skulle hente vatn og ved
og så datt dei i elva
[vers 2]
den fyrste heite anna
og ho fekk elleve små
men så kunne ho ikkje fleire få
og då datt ho i elva
[refreng]
ja så datt ho i elva
og sette livet til
ho skulle hente vatn og ved
og så datt ho i elva
[bro]
og elva var kald og våt
men at gubben sto bak og gråt
nei om da seier soga ikkje eit knyst
han kunne seg sno, skal tru om han lo?
[vers 3]
den andre hadde bein i nasen
ho fekk det som ho sku
men ein ting rekna ho ikkje med
og då datt ho i elva
[refreng]
ja så datt ho i elva
og sette livet til
ho skulle hente vatn og ved
og så datt ho i elva
[vers 4]
den tredje heitte malla
så kjærleg, øm og varm
men ho vart ikkje vidare heit
da ho datt rett i elva
[bro]
og elva var kald og våt
men at gubben sto bak og gråt
nei om da seier soga ikkje eit knyst
han kunne seg sno, skal tru om han lo?
[vers 5]
og same kaldige lagnaden
fekk dei alle sju
dei skulle hente vatn og ved
og så datt dei i elva
og då vart gubben aleine
på sine siste år
og han vart både gammal og grå
men han datt ikkje pau elvi
[refreng]
og elva var kald og våt
elva var kald og våt
elva var kald og stri og våt
han kunne seg sno, skal tru om han lo?
letras aleatórias
- alicai harley › letra de tropicana - alicai harley
- slaine › letra de this is my life - slaine
- tiredboy › letra de мой сон вещий (my dream thing) - tiredboy
- dumanoid › letra de (fel)e-fe(le) - dumanoid
- miraiiu › letra de metamorphasis - miraiiu
- guap tarantino › letra de of course - guap tarantino
- igor buzov medico › letra de bombay - igor buzov & medico
- zilee › letra de zilee - istraga (prod. uniquate) - zilee
- gerilson insrael › letra de super mulher - gerilson insrael
- 101barz › letra de zomersessie 2021 - stikstof - 101barz