letra de armod - mistur
gudane sine isande vindar
pustar i glørne
svart jarn skal smiast
det stundar mot strid
gudane sitt renkespel
legg kvar ein mann sitt sinn i mørkre
sviket ligg tett oppunder huda
når kampen er mot armod og svolt
marka, gold, kald og hard
gjer menn til beist når dei no spring i hast
mot næraste grannegard vergelaus den ligg
for nauda har tvunge grannen ut i viking
so her kan sviket herja
skrik og otte
angest og daud
er det som har kome til garden
ei plyndring
av korn, buskap og uskuld
og ei ætteline endar
i ein lòge av eld
endeleg eit langskip bryt stille hav
på sin heimveg, no skal det feirast
eit tokt er kruna med siger og h-ll
ein krigar tenkjer
i kveld vert det lått på garden
svart i augo lik ein hund frå helheim
kjem ein granne med bod om hemn
denne natta held dauden ei veitsle
for dei arme svikarar
og når dei alle har andast
ein siste gong
står grannen bøygd med vissa
om at sjela si armod aldri vert sløkt
letras aleatórias
- bilmuri › letra de spacesbetweenlettersarecool - bilmuri
- young killer es › letra de mi mejor amiga - young killer (es)
- cielo razzo › letra de el bobo y el payaso - cielo razzo
- rooney › letra de day 2 day - rooney
- hollywood vampires › letra de heroes - hollywood vampires
- the bad dreamers › letra de how to disappear [savoir adore remix] - the bad dreamers
- papatoyzakalki › letra de psychopart - papatoyzakalki
- thomas stenstrom › letra de bam bam - thomas stenström
- fritogang › letra de holding on - fritogang
- los fabulosos cadillacs › letra de siguiendo la luna (live) - los fabulosos cadillacs