letras.top
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

letra de ein feste burg ist unser gott - glittertind

Loading...

vår gud han er så fast ei borg
han er vårt skjold og verje
han hjelper oss i naud og sorg
når styggen her vil herje
den gamle-erik er
på felttog med sin hær
stor makt og list har han
ein grufull pansermann!
på jorda finst ei maken!

vår eiga makt er altfor svak
mot styggen vil me tape
men gud har reist vår vonde sak
så fanden fekk ei skrape!
kven eig den beste list?
han heiter jesus krist!
ein høvding er vår mann
i kampen vinn han fram:
vår frelsar fremst må sigre!

om verda full av djevlar var
ein ormegard i sinne
me ingen angst i hjarte bar
for kristi sverd skal klinge!
om fyrsten for slik jord
på folkehat vert stor:
– me ler så godt me kan
han er ein dauddømd mann!
eit ord vil honom felle!

og ordet står til domedag
til agg for djevelpakket!
vår frelsar kjem i siste slag
og nåda kan me takke!
om fanden tek vårt liv
gods, ære, born og viv:
då har vår herre talt
med ordet gav han alt!
guds rike vårt skal vere!
guds rike vårt skal vere!

letras aleatórias

MAIS ACESSADOS

Loading...