letras.top
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

letra de av jord er me komne - blodsmak

Loading...

[vers 1]
eg bryt min rygg kvar dag i regn og rokk
kviler mellom tunge spadetak
jorda svelt, men ho får aldri nok
mettar ho med salte tårers smak

[pre-chorus]
du ser ingenting du ville misse
eg ser berre nok eit liv i kiste

[chorus]
av jord er me komne, til jord skal me bli
små vakre støvfnugg som dansar forbi
først når me skjønar det, skal me bli fri
av jord er me komne, til jord skal me bli

[vers 2]
eg ser deg stå med nakken lut av sorg
eit hòl i marka gaper kaldt
vår herre øydela din faste borg
og lukka sine auger då han fall

[pre-chorus]
de var trufast til det siste
no ligg han einsam i si kiste

[chorus]

[bridge]
tenn deg eit ljos, og så brenn du det ned
når tussmørket kjem, finn vi endelig fred

[solo]

[vers 3]
eg veit min eigen dag skal bli til natt
og eg må må ta dei tunge steg
kven er det då som tek min spade fatt
kven grev et siste hòl for meg?

[pre-chorus]
eg spenner eit smil imot det triste
snart vert eg sjølv ei bør i kiste

[chorus]
av jord er eg komen, til jord skal eg bli
eit vakkert støvfnugg som dansar forbi
eg har alltid skjøna det, det gjorde meg fri
av jord er eg komen, til jord skal eg bli
til jord skal eg bli
til jord skal eg bli

letras aleatórias

MAIS ACESSADOS

Loading...