letra de bonden og kråka - lillebjørn nilsen
mannen, han gjekk seg i vedaskog
heifara, i vedaskog
då sat det ei kråke i lunden og gol
heifara. falturilturaltura
mannen, han tenkte med sjølve seg
heifara, med sjølve seg:
å tru no den kråka vil drepa meg?
heifara. falturilturaltura
og mannen, han spente sin boge for kne
heifara, sin boge for kne
så skaut han den kråka så ho datt ned
heifara. falturilturaltura
så spente han føre dei folane tolv
heifara, dei folane tolv
då køyrde han kråka på låvegolv
heifara. falturilturaltura
av skinnet så gjorde han tolv par skor
heifara, tolv par skor
det beste paret det gav han til mor
heifara. falturilturaltura
og kjøtet, det salta’n i tynner og fat
heifara, i tynner og fat
og tunga den hadde’n til jolemat
heifara. falturilturaltura
av tarmane gjorde han tolv par reip
heifara, tolv par reip
og klørne dei brukte’n til møkkagreip
heifara. falturilturaltura
av augo så gjorde han stoveglas
heifara, stoveglas
og nakken den sette’n på kyrkja til stas
heifara. falturilturaltura
og den som ‘kje kråka kan nytta så
heifara, kan nytta så
han var ikkje verd ‘e ei kråke å få
heifara. falturilturaltura
letras aleatórias
- letra de по путям (along the paths) - 13kai
- letra de hang me, oh hang me - zachary lucky
- letra de boy - tão
- letra de teeth - a small bird
- letra de disaster / lucky - issy wood
- letra de the drown - kadio
- letra de p.s. i love you - capri wagner
- letra de 轉眼 (final chapter) - 五月天 (mayday) (twn)
- letra de detonantes (little triggers) - elvis costello
- letra de shluk mehablu - שלוק מהבלו - liad meir - ליעד מאיר