
letra de sporven - edvard grieg
småsporven gjeng i tunet
og tippar korn og ribbar strå
og hev så god ein une
og ler åt katten grå
pip, pip, det så seg lagar
alle dagar
at monsemann meg jagar
men kan meg aldri få
eg er så lett på vengen
og mons må sleikja seg om trut;
kvitt, kvitt, den gamle drengen
han fekk så mang ei sut
og om i vide ringar
hauken svingar
eg burt meg kverv og kringar
og slepp av leiken ut
eg lever dagar lette
og er fornøgd, å ja, å ja!
kvar dag eg fær min mette
som eg det best vil ha
pytt, pytt, kven spør om føda?
nok i løa!
der ligg den rike grøda;
der kan eg berre ta
og titt eg fær i joli
ein godbit fin av veslemøy;
og frys det, hev eg skjol i
det gode varme høy
og så kvitt, kvitt, gomå´rn!
så kjem våren;
da fri på vengen boren
eg byggjer reir på øy
letras aleatórias
- letra de eden - arclight
- letra de gentle - elah hale
- letra de mirror - marc dub
- letra de hellcat* - unotheactivist
- letra de my life is a movie - northpointnine
- letra de september - alex mcquade
- letra de yume wo kanaete - mao
- letra de idk (from new ep. - bonus track) - depo xd
- letra de litago - neste planet
- letra de gastón - david filio