
letra de den tyngste sorg og møda - christian sinding
Loading...
den tyngste sorg og møda
er den, som ingen ser;
det verste mein te grøda
er det, som inkje ter
aa, sæl er den, som klaga fær
og ventar hjelp og raad
mot den, som løynleg’ draga fær
og ottar spott og haad!
det var ein draum, eg drøymde
den draumen var so blid;
slik hugnad hev’ eg aldri
kjennt fyrr i all mi tid
eg drøymdest paa ein blomster-voll
og soli skein so bjart;
eg vaknad paa ein øyde-holm
og himmelen var svart
den draumen lyt eg løyna
og læsa i min barm;
og trutt skal barmen tegja
kor saart han svell av harm
i song skal han faa lеtta seg
og i ein taareflaum. —
far vеl, far vel, du væne draum
du altfor væne draum!
letras aleatórias
- letra de devastate - terrorizer
- letra de schaum - skit - wryg
- letra de yeat! (snippet) - kloyzis
- letra de 2023 - waffy (rus)
- letra de want to know - free range
- letra de hark - shari demby-ravenell
- letra de so close - jc hipster
- letra de deep in the dirt - xfallenlilangelx
- letra de sealed - dj goat, k-887
- letra de wintershasscam.e - code10 & kudokushi