
letra de nordmannen - catharinus elling
Loading...
millom bakkar og berg ut med havet
heve nordmannen fenget sin heim
der han sjølv heve tufterna gravet
og sett sjølv sine hus uppå deim
han såg ut på dei steinutte strender;
det var ingen, som der hadde bygt
«lat oss rydja og byggja oss grender
og so eiga me rudningen trygt.»
han såg ut på det bårutte havet;
der var ruskutt å leggja ut på;
men der leikade fisk ned i kavet
og den leiken den vilde han sjå
fram på vetteren stundom han tenkte:
giv eg var i eit varmare land!
men når vårsol i bakkarne blenkte
fekk han hug til si heimlege strand
og når liderna grønka som hagar
når det laver av blomar på strå
og når næter er ljosa som dagar
kann han ingenstad vænare sjå
letras aleatórias
- letra de truce - twenty one pilots - cavetown
- letra de viagem - tiago bettencourt
- letra de all the traps - bon voyage
- letra de the lord is my strength - winter lines
- letra de skena xhelozie - aroganti
- letra de lipieńskija chvali - door into emptiness
- letra de posters (remix) - jagged edge
- letra de notice me - fana hues
- letra de kaya sorry na - this band
- letra de the mask - lyre le temps