letras.top
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

letra de valle auto og bensin - lillebjørn nilsen

Loading...

å, eg fann ei vakker jente nedi setesdal
ho sto vakt på valle auto & bensin
og ho lo til meg så eg blei både heit og kald

så eg spurde: vil du vere venen min?
men ho svara at: eg er nok ikkje fri
eg har ein som eg vil elske all mi tid
det er ei fele lagt i handa på ein spelemann
som kan spele slik som berre setesdølar kan

(og særleg om han speler sordølen, da:
sudidudi dei dudi dei dudi dudi dei!)

og kvar laurdag må eg høyre på min kavaler
men du kan vel også følgje med?
eg blei svartsjuk og sa: eg vil’kje ha det der!
denne fela der skal jaggu halde fred!
og så satt eg med gitaren på mitt kne
og eg øvde trutt og talde: ein to tre …
og då helga kom så sa eg: snille jenta mi
no skal eg få spele danselåta di!

(og så spelte eg sordølen, da:
dælælæ …)

men ei jente er’kje betre nedi setesdal
for ho visste ikkje kven ho ville ha
og slik er det med ei jente som er dansegal:
ho kan like gjerne svare nei som ja
så no sitt vi her og speler både to
og ute der på golvet svive ho!
og i morgon som ho søv den beste svevnen sin
må eg stå vakt på valle auto & bensin …

letras aleatórias

MAIS ACESSADOS

Loading...